Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 11. feb 2026

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakMøte onsdag den 11. februar 2026 kl. 10

Innlegget

Takk for eit godt og viktig spørsmål. Barn har ein grunnleggjande rett til å bli høyrde og medverke i alle forhold som gjeld dei. Det er barnet som er hovudpersonen i ei barnevernssak, og barnets syn er sentralt i vurderinga av barnets beste. Som representanten Gustavsen viser til, er dette tydeleg slått fast i barnevernloven, og det gjeld òg fullt ut for barn i barnevernsinstitusjonar. Barnet har rett til tilstrekkeleg og tilpassa informasjon til fritt å gje uttrykk for meiningane sine og bli lytta til. Og barnets syn skal vektleggjast i samsvar, naturleg nok, med barnets alder og mognad. Samtidig er det viktig å vere ærleg på at medverknad ikkje alltid betyr at eit barn får viljen sin. Slik er det for alle barn, for oss som er foreldre òg. I mange saker vil det vere nødvendig å setje grenser og ta val som barnet kan vere ueinig i for å vareta både omsorga for og utviklinga til barnet, og ikkje minst for å kunne beskytte barnet. I slike situasjonar er det heilt avgjerande med god dialog med barnet om kvifor deira syn eller meining ikkje blei følgd. Regjeringa har dei siste åra teke fleire grep for å styrkje barns reelle moglegheit til medverknad i barnevernssaker. Frå den 1. januar 2024 tredde ei ny medverknadsføreskrift i kraft med tydelege krav til korleis barnevernet skal vareta barns medverknad i alle fasar av saka. Og frå 1. januar i år har Bufdir òg oppdatert rundskrivet sitt som gjev rettleiing om barns rettar og medverknad på institusjon. Det er òg viktig å seie at barn kan klage. Dei kan klage til Statsforvaltaren på forhold på institusjonen f.eks., om dei opplever det representanten tek opp, manglande medverknad. Ein oppretta i 2022 òg ein klageportal på Statsforvaltaranes nettstad, der målet er å gjere det enklare for barn å vende seg. I 2023 blei det òg innført nye føreskrifter om barnevernstenestenes ansvar for å følgje opp barn i institusjon og om Statsforvaltarens tilsyn med barn i institusjon. Reglane skal bidra til auka medverknad og auka rettstryggleik for barn, og det er bl.a. reglar om tilsynssamtaler med barn.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat