Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 11. feb 2026

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakMøte onsdag den 11. februar 2026 kl. 10

Innlegget

Eg er svært oppteken av at dei rettane barn har i tråd med barnevernloven, blir følgde. Eg er òg veldig oppteken av at me lyttar til dei klagene som kjem frå barn. Eg har òg høyrd om eksempel der barn har opplevd det representanten tek opp, at ein ikkje meiner at medverknaden ein skal ha, er blitt følgd. Difor er eg òg veldig glad for at når me går inn og ser på tal frå Helsetilsynet bl.a., viser det at om lag to tusen barn fekk tilbod om samtale ved tilsyn i 2024, og ni hundre av dei ønskte å snakke. Det er heilt grunnleggjande for meg at me sikrar at ungar som skal ha denne barnevernsinstitusjonen som heimen sin, blir godt varetekne òg når det gjeld eigen medverknad, samtidig som eg held fast på at me òg må kunne setje grenser og ha avgrensingar, for å beskytte ungane, som dei av og til sjølve vil vere ueinige i.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat