Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Generelt blir barn i barnevernsinstitusjon høyrde, men det er naturleg nok ikkje slik at ein alltid får det ein ønskjer. Eg er òg sjølv veldig engasjert i å sikre at institusjonane våre klarer å ta betre vare på barn, særleg barn som er utsette for kriminalitet eller sjølve har vore involverte i kriminalitet. Da er det nokon tiltak me òg kjem til å kome med no som handlar om å beskytte barna mot anten å skade seg sjølve eller andre, der barna vil vere ueinige i det. Eg opplever at Framstegspartiet i stor grad òg har både støtta og etterspurt at me sikrar institusjonane betre verktøy for å beskytte ungane. Då vil det i nokon situasjonar vere i strid med det barnet sjølv ønskjer. Eit eksempel: Viss vi veit at eit barn f.eks. er i kontakt med eit kriminelt nettverk, kan det vere at institusjonen vurderer det som riktig f.eks. å låse ei dør, sjølv om barnet kan vere ueinig i det. Det er den vanskelege balansegangen tilsette i barnevernsinstitusjonar står i.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
