Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 12. feb 2026

Erling Sande
Erling Sande
Senterpartiet·Sogn og Fjordane

SakMøte torsdag den 12. februar 2026 kl. 10

Innlegget

Stortinget drøftar her to representantforslag som omhandlar privatskulelova og spørsmål kring etablering og godkjenning av private skular. For Senterpartiet er det viktig å peike på at fellesskapsskulen er ein grunnleggjande arena, det er ein berebjelke for demokratiet vårt og for å sikre like moglegheiter for alle i landet vårt. Samtidig har Senterpartiet alltid peika på at det har stor verdi at vi har skular som byggjer på alternative livssyn og pedagogikk, og det er viktig at det mangfaldet òg blir sikra inn i framtida. Debatten i dag er prega av endringa i privatskulelova som trådde i kraft i 2024. Hensikta med endringa var å gje vertskommunen ei større tyngd i handsaminga av søknader om godkjenning av private skular. Det er likevel viktig å understreke følgjande: Det var aldri snakk om ein vetorett til kommunane, og det er heller ikkje ein vetorett. Då det blei skapt usikkerheit kring om privatskulesøknader konsekvent blei avviste dersom vertskommunen var imot – seinast med avslaget til Jotunheimen privatistskule frå Udir – blei denne debatten som vi har her i dag, viktig. Det var grunnleggjande for Senterpartiet at regjeringa tydeleg slo fast at det aldri var meint å vere ein vetorett, og at t.d. omsynet til det å ha eit skuletilbod i området faktisk kan vege tyngre enn den eventuelle motstanden frå vertskommunen. Samtidig skal lokaldemokratiet ha ei tydeleg stemme. Eg forventar at direktoratet merkar seg regjeringa si tydelege grunngjeving for godkjenning av Jotunheimen privatskule. Ein privatskulesøknad som oppfyller krava i lova og har ein tydeleg distriktspolitisk dimensjon, bør kunne få godkjenning sjølv om vertskommunen er imot. Regjeringa skal ha honnør for å ha vore tydeleg i denne saka, fyrst med godkjenninga av Jotunheimen privatskule og deretter med grunngjevinga for det. Det er heilt i tråd med intensjonen til lovgjevar, det er i tråd med synet til Senterpartiet, og det betyr i praksis at vi frå Senterpartiet si side ikkje ser behov for å endre lova. Sjølv om Jotunheimen privatskule får godkjenning frå hausten 2026, er det 18 elevar som til sommaren risikerer å ikkje få eit fyrstegongsvitnemål ved enda skulegang. Desse er på sitt siste skuleår ved Jotunheimen privatistskule. No har skulen fått godkjenning som privatskule, og då er det heilt meiningslaust at desse elevane skal tape på at fylket fyrst legg ned skulen, og det så tek eit år før staten rekk å godkjenne privatskulen. Desse ungdomane har følgt eit fullverdig opplæringsløp, og det er difor mitt tydelege bodskap til kunnskapsministeren: Sørg for at desse elevane får vitnemål. Eg håper òg det forslaget får tilslutning av eit fleirtal her i salen i dag, slik at vi ser dei elevane dette gjeld.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat