Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Eg har nokre kommentarar til debatten som no går mot slutten. Innleiingsvis kritiserte både saksordføraren og representanten Melby frå Venstre Senterpartiet fordi vi hadde uttalt tydeleg til VG at behandlinga av søknaden om Jotunheimen privatskule var ein prøvestein med tanke på privatskulelova og den debatten som har oppstått kring om kommunane har eit veto i desse sakene. Eg synest representanten Melby i replikkvekslinga viste tydeleg kvifor det var ein god prøvestein. Det er fordi vi i dette tilfellet har ein søknad som blir vurdert å fylle dei krava ein stiller til privatskular. Skulen er distriktspolitisk viktig. Det som blir vekta, er eit omtrent knappast mogleg fleirtal i fylkeskommunen i deira innspel. Det er viktig å presisere når det gjeld det offentlege skuletilbodet, at fylkeskommunen si rolle er å avgjere det vidaregåande offentlege skuletilbodet, men at dei i desse sakene skal melde sitt syn til direktorat og departement. Når alle krava er oppfylte, men eit knappast mogleg fleirtal i fylkeskommunen blir brukt som argument, finst det vel knappast ein betre prøvestein på om lova fungerer etter intensjonane. Det er difor svært gledeleg at departementet har vurdert at den skulen kvalifiserte, og at ein fekk dei nødvendige løyva til å etablere ei vidaregåande utdanning privat i Lom. Som det så rett blei påpeika av representanten Fasteraune, har dette vore jobba kjempehardt for, lokalsamfunn og næringsliv har stått skulder ved skulder, og det lokale engasjementet har sikra at ungdomane no har eit skuletilbod. Eg trur kritikken frå Venstre og KrF til ein viss grad òg handlar om at det er ulike syn politisk mellom våre parti på korleis ein vektar mellom ein sterk offentleg fellesskapsskule og livsynsskular og skular med pedagogiske alternativ som eit supplement. Det er heilt fair, men då er det jo verdt å minne om at ein del av dei posisjonane som våre tre parti hadde felles ved tusenårsskiftet, er det kanskje Senterpartiet som står opp for no, mens Venstre og KrF har bevega seg betydeleg. Når det gjeld det lause forslaget som omhandlar instruksen til departementet og kravet om å dokumentere behovet for ein skule med eit visst livssyn, står vi i lag med fleirtalet i merknadene som peikar på at det ikkje er riktig intensjon at det skal vere ein del av vurderingane i ein instruks. Vi vil difor støtte forslaget, slik det no er formulert av representanten Tybring-Gjedde.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
