Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Få ting er meir alvorleg og viktigare enn eit godt og trygt helsetilbod. Ein skal få hjelp når ein treng det. Det blir i mange tilfelle utfordra av økonomiske problem. Vi veit at kreftmedisinar har blitt ekstremt mykje dyrare. Dei bergar fleire liv, og det er utruleg bra, men dei har blitt dyrare. For at vi skal vere sikre på at pasientjournalar ikkje blir hacka av framande makter, og for at vi skal sikre oss mot store konsekvensar som følgje av det, har det blitt dyre investeringsbehov når det gjeld IKT. Vi veit òg at mange sjukehus treng å oppdatere bygga sine, byggje nytt eller rehabilitere dei gamle bygga. I mine heimtrakter har dette vore eit grufullt halvår for heile regionen min. På grunn av innsparingskrava har vi fått konsekvensar i form av nedleggingar i Lærdal og i Nordfjord. I Høyanger og på Hyllestad lurer dei på om dei vil ha eit ambulansetilbod i framtida. Framleis er 75 pst. av kutta framfor oss. Mesteparten av dei kutta blir antakeleg tekne ved sentralsjukehuset i Førde. Eg vil berre minne Senterpartiet, som om 14 dagar skal ha eit forslag til behandling om at 100 pst. av kutta skal skje ved sentralsjukehuset i Førde, om at det er fødetilbodet til Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Viss ein hamnar i ei bilulykke i Sogn og Fjordane, er det mest sannsynleg Førde eller Haukeland ein blir sendt av garde til. Så det å kome med eit politisk over bordet-forslag som potensielt kan kutte tryggleiken til dei kirurgiske avdelingane, eller som kan kutte talet på jordmødrer, er ikkje «berre berre». Eg er glad for at Arbeidarpartiet får fleirtal for eit forslag om å finne ein ny og heilskapleg finansieringsmodell. Eit poeng som er viktig å understreke her – det gjeld òg forslaget Senterpartiet hadde – er at det å skilje drift og investeringar, og å ta ut eit kakestykke frå den store kaka, ikkje betyr at det blir meir kake. Det betyr ikkje at det blir meir pengar. Det kan bli ei slags «NTP-kø», det kan bli meir marmor og mindre jordmor, det kan bli overskridingar, og det kan bli venting. Det eg håpar på, er at Stortinget vil sørgje for at det blir meir pengar når statsbudsjettet skal bli vedteke. Dette er ikkje ein kvikkfiks, og det er det viktig å vere ærleg på. Men la det vere sagt: Eg er villig til å kjempe for kvar einaste krone når statsbudsjettet kjem, men det håpar eg at dei andre partia òg tek ansvar for – og ikkje berre i festtalar.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
