Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Det står lys på i ein liten nærbutikk ein heilt vanleg tysdagskveld. Ute er det mørkt. Inne handlar folk det dei treng – brød, mjølk, middag til ungane. Kanskje hentar dei ei pakke. Kanskje fyller dei drivstoff. Den butikken er ikkje berre ein butikk, han er livsnerven i bygda, men han er ikkje bemanna. Det er ikkje fordi eigaren vil spara seg rik, men fordi reknestykket ikkje går opp. I ei lita bygd kan det koma kanskje tre kundar i timen ein kvardagskveld. Ein tilsett bak disken kostar langt meir enn det butikken tener inn den timen. Løn, arbeidsgjevaravgift, pensjon, tillegg og sjukefråvær – det er brutale tal for ein liten aktør. Difor har mange valt fjernbetent drift. for å halda døra open, for å halda tilbodet i bygda. Alternativet er ofte ikkje ein bemanna butikk, alternativet er ingen butikk. For mange innbyggjarar betyr det fleire mil til næraste alternative butikk. I delar av Distrikts-Noreg kan det vere 30, 40 eller 50 minutt kvar veg for å handla det mest grunnleggjande. Så kjem staten og seier: De kan bruka fjernbetent løysing, men ikkje fullt ut, for akkurat alkohol og tobakk skal me ikkje selja slik. Kvifor? Det manglar ikkje kontroll. BankID identifiserer kunden. Kamera loggfører. Alt kan sporast. Dei tekniske løysingane må oppfylla både alkohollova og tobakksskadelova sine krav til kontroll. Aldersgrenser står fast. Kontrollkrava står fast. Regelverket står fast. Dette handlar ikkje om å svekkja lova. Det handlar om korleis kontrollen skjer. Det er ikkje mindre kontroll. Det er ein annan type kontroll. Likevel har kommunar opplevd å bli overprøvde. Helsedirektoratet har sendt brev. Statsforvaltarar har bedt om revurderingar. Det har skapt uvisse for butikkar som allereie har fått godkjenning og har investert i løysingar som fungerer. Det handlar òg om lokaldemokratiet. Når kommunane har gjort grundige vurderingar og godkjent løysingar som oppfyller lova, skal ikkje statlege organ leggja nye tolkingar på toppen utan klar heimel. Sanninga er enkel: Folk som vil kjøpa alkohol eller tobakk, kjøper det uansett. Viss dei ikkje får gjort det i nærbutikken, set dei seg i bilen og køyrer til eit større handelssenter. Pengane forsvinn ut av bygda, og endå eit lite lokalsamfunn taper kraft. Stortinget slår no fast at kommunane kan tillate sal av alkohol og tobakk i fjernbetente butikkar, så lenge kontrollkrava blir oppfylte. Det gjev likebehandling, klare spelereglar og ei avklaring som nærbutikkane har venta på. Vil me ha levande lokalsamfunn? Då må me gje dei verktøy til å overleva. For når lyset først blir sløkt i ei bygd, er det sjeldan det kjem på igjen.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
