Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 24. feb 2026

Ingrid Fiskaa
Ingrid Fiskaa
Sosialistisk Venstreparti·Rogaland

SakMøte tirsdag den 24. februar 2026 kl. 10

Innlegget

SV støttar forslaget om at Forsvaret overtar redningshelikoptertenesta i Tromsø, til erstatning for den private operatøren som har drifta basen sidan 2022. SV støttar òg at det blir kjøpt inn to nye helikopter av den same typen som er på dei andre redningshelikopterbasane på fastlandet. Det er gode argument for at staten og Forsvaret skal overta. Sjølv om det inneber store investeringskostnader å byggja ny base og kjøpa nye helikopter, er det openberre fordelar med å ha eit felles system og like helikopter på alle dei sju basane. Driftskostnadene vil òg vera meir føreseielege enn i eit system med nye anbodsprosessar år om anna. Nord-Noreg treng god beredskap for ulike typar av hendingar, akkurat som resten av landet. Vêr og klima, men òg auka aktivitet til havs, gjer det nødvendig å ha ei robust redningsteneste. At staten og Forvaret eig helikoptera, er òg ein fordel i tilfelle det blir nødvendig med oppdrag høgt i krisespekteret. Samtidig oppstår det òg ein ny situasjon for helikoptertenesta på Svalbard, som det vil vera viktig å vera oppmerksam på. Svalbard og Tromsø har hatt ein felles kontrakt med den private operatøren dei seinare åra, og det vil no vera ein eigen kontrakt for Svalbard, som det òg var før 2022. SV meiner det er gode grunnar til å oppretthalda ei sivil helikopterteneste på Svalbard, og altså ikkje leggja denne under Forsvaret, sånn som på fastlandet. At den felles kontrakten med Tromsø no fell vekk, må samtidig ikkje på nokon måte bety at helikoptertenesta på Svalbard blir svekt. Her forventar me at regjeringa eventuelt kjem tilbake med forslag for å betra helikoptertenesta på Svalbard viss det viser seg å vera behov for det. SV støttar ikkje forslaget om å kjøpa fire nye helikopter i staden for to, sånn som Framstegspartiet føreslår. Det er allereie eit problem i Forsvaret at store investeringar går ut over drifta. Risikoen for at det kan skje òg i dette tilfellet, er absolutt til stades. Då meiner SV at det er betre å ha to helikopter som blir vedlikehaldne, og som fungerer, enn fire helikopter som det manglar personell og økonomi til å drifta.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat