Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 24. feb 2026

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakMøte tirsdag den 24. februar 2026 kl. 10

Innlegget

Takk til statsråden for svaret. I mai 2021 hadde eg ein ganske liknande interpellasjon til dåverande statsråd Bent Høie. Han svarte da at han kunne forsikra om at regjeringa skulle ha stor merksemd på både unge med alvorlege lidingar, som spisevanskar, og den psykiske helsa til barn og unge generelt. Den gongen, under pandemien, såg vi ein veldig stor auke når det gjaldt barn og unge som vart lagde inn, òg med spisevanskar. Dette er no fem år sidan. Eg høyrer statsråden vise til at no er det sett i verk tiltak som skal auke både kompetansen på spisevanskar i tenestene og kapasiteten ved dei sengepostane vi har. Det er ei kjensgjerning at sjølv om noko av den toppen vi såg rundt pandemien, har gått tilbake igjen, er det framleis ei veldig stor utfordring. Det er mange familiar som opplever at dei ikkje får den hjelpa som dei skal ha, eller at dei må venta altfor lenge på hjelpa. For dei familiane som her og no står i ein veldig krevjande situasjon og vil ha ei endring og vil ha god hjelp, er det sikkert fint å høyra lovnader om endring og forbetring, men dei vil nok òg høyra om kva som vil skje veldig, veldig snart. Så det vil eg utfordra statsråden på: Når trur statsråden at dei tiltaka han viser til, vil gi ei faktisk forbetring for dei familiane som her og no står i ein sånn situasjon. Eg vil òg gjerne utfordra statsråden på standardbehandlinga for spisevanskar, altså familiebasert terapi, som har vore mykje diskutert i debattar og i media. Ho kan fungera for nokre, men vert det ei individuell vurdering for dei som behandlinga ikkje fungerer for? Kan statsråden i alle fall gjera sitt for at dei vert det? Eg vil òg koma inn på rådgivingstenesta ROS, som har opplevd ganske store budsjettkutt. Dei har no 400 personar på venteliste. Det er eit landsdekkande lågterskeltiltak. Eg vil òg høyra om statsråden sine planar for korleis dette kan utviklast.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat