Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Takk til alle som har hatt innlegg i interpellasjonsdebatten. Eg vil referera litt frå ein mail eg har fått frå ein far til ei dotter som nyleg har vore innlagd for spiseforstyrringar, og som har vorten skriven ut. Han skildrar eit opplegg der dei ikkje får noko hjelp etter utskrivinga. Dei har fått avslag hos DPS, utan at dei forstår kvifor. Dei har ingen koordinator frå kommunen som kan hjelpa dei med måltid, inga måltidsstøtte eller slikt frå kommunen. På Nav er jenta sett på venteliste for aktivisering. Det dei spør om, er kvifor dei ikkje får ein plan for vidare oppfølging. Eg er heilt einig i at det er behov for fleire døgnplassar for spiseforstyrringar, men det er òg viktig med førebygging – det er det aller viktigaste – og så må det koma eit betre opplegg for oppfølging etter utskriving enn det som skjer her og no, og som vi får rapportar om. Det er faktisk berre ikkje bra nok, og det fører til reinnleggingar og fare for liv og helse. Eg vil òg seia at da eg var så heldig å få vera barne- og familieminister, var eg på besøk til ein del barnevernsinstitusjonar. Den fyrste jenta eg møtte, var alvorleg sjuk med spiseforstyrringar, ho var sondeernært på institusjon. Eg fekk veta at ho skulle flytta i eigen hybel om nokre veker, for då vart ho 18 år. Eg såg ei radmager, veldig alvorleg sjuk jente. Det er veldig mange spiseforstyrringar i barnevernet, og eg er oppriktig bekymra for om dei får den hjelpa dei skal ha. Alle hugsar vel saka om Mille og Mina, som døydde. Der starta det med at dei fekk alvorlege spiseforstyrringar. Det var ikkje ei barnevernssak frå starten av, det var ei frivillig omsorgsovertaking. Det var helgestengde behandlingsinstitusjonar i BUP, og det utvikla seg med rus og åtferd. De kjenner historia, som var djupt, djupt tragisk. Statsforvaltaren konkluderte med at det ikkje var svikt i tilbodet frå barnevernet, men svikt i helsetenesta. Dei hadde ikkje fått den helsetenesta dei skulle ha, då dei hadde den alvorlege spiseforstyrringa. Vi sa alle at dette ikkje må skje igjen. Det viser alvoret i denne sjukdommen. Det er ein del foreldre som kapitulerer og seier dei ikkje orkar meir, og ber om hjelp frå barnevernet. Det skal dei få, men det er òg ein risiko, for dei får framleis ikkje den helsehjelpa dei skal ha. Eg vil takka alle som har hatt ordet. Eg håpar at denne interpellasjonen kan føra til at det snart vert ei forbetring for alle desse.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
