Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 24. feb 2026

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakMøte tirsdag den 24. februar 2026 kl. 10

Innlegget

Tusen takk til interpellanten, som fremjar ein interpellasjon om eit veldig viktig tema. Vi snakkar ofte om fødselstilbodet, men barselomsorga fortener ein eigen debatt, for vi veit jo at når det er krav til prioriteringar i helseføretaka, vil ein prioritera kvinner i aktiv fødsel – det kan ein forstå – og så vert barselomsorga nedprioritert. Det er òg barselomsorga som scorar dårlegast i dei brukarundersøkingane som har vore. Vi veit at mange ikkje får heimebesøk, slik det er ei fagleg retningslinje for, og det er veldig bekymringsfullt. Liggjetida har gått ned og vorte kortare og kortare. Det krev at kommunane er på plass, men det veit vi ikkje skjer, så det har ført til at mange kvinner er meir åleine med alt ansvaret etter fødsel. Det tenkjer eg er ei veldig dårleg prioritering frå oss, for vi veit jo at dei første tusen dagane er da vi kan gi barn og familiar ein veldig god start. Det vil vi ha igjen for, òg seinare. Eg er bekymra for at statsråden tar så lettvint på heimebesøk av jordmor etter utskriving – at det er anna å bruka pengar på. Fødselsdepresjon kan og må jo verta oppdaga ved akkurat eit slikt heimebesøk. 14 dagar før dei eventuelt kjem frå helsestasjonen, er veldig lang tid i livet til ein nyfødd unge og i situasjonen til ei nybakt mor. Å gå 14 dagar med ein alvorleg depresjon som ikkje vert oppdaga, kan setja liv og helse i fare. Eg er ein sterk tilhengjar av at ein skal få på plass heimebesøk til alle, særleg i ei tid der ein vert tidleg utskriven og liggjetida er så kort. På Haukeland er det bygd eit nytt bygg for kvinneklinikken. I utforminga av det bygget la ein opp til at 40 pst. av mødrene skulle reisa ut seks timar etter fødsel. Eg åtvara mot dei planane i si tid. Det vi no har fått vite, er at korridorpasientar er ganske vanleg. Det er ingen god start for ei mor om ho må sova første natta i ein korridor saman med andre – andre fødande og andre barselkvinner – så bygga er òg viktige. Vi må byggja sjukehus med mange nok barselrom og store nok barselrom til at ein partnar eller barnefar eventuelt òg kan vera med, slik at vi gir desse ein god start. Eg har opplevd at helseføretaka eigentleg definerer vekk at dei har eit ansvar for barselomsorga i det heile, for dei seier dette er friske kvinner og friske barn og at barselomsorga er noko kommunane må ta seg av. Eg meiner det er feil. Eg meiner det burde vore lovfesta at det dei fem første dagane etter fødsel er helseføretaket som har dette ansvaret. Om kvinna er reist heim, er det likevel helseføretaket sitt ansvar å finansiera besøk av ei jordmor osv. Det er jo helseføretaket som kuttar i liggjetid, og dei kan ikkje få kutta i ansvaret på den måten, for det veit vi går ut over kvinnene og dei nybakte familiane. Eg er ikkje så opptatt av lovfesting eller ikkje, men vi må få til at familiar får eit heimebesøk av ei jordmor etter fødselen. Vi synest vi tar for lett på alvoret bak fødselsdepresjonar. Eg synest òg det er eit paradoks å stå her i denne saka, når vi nettopp hadde ei sak frå Sogn og Fjordane der det var snakk om å leggja ned God start-tilbodet, sjølv om ein vil ha utvida Mi jordmor-tilbodet i Drammen til andre plassar. No får vi sjå korleis det vert i Sogn og Fjordane, men òg der er det ein klar tendens til at dette ansvaret – iallfall finansieringa – skal skyvast over på kommunane. Det lar altså statsråden skje. Det meiner eg ein burde ha rydda opp i.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat