Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 25. feb 2026

Frank Edvard Sve
Frank Edvard Sve
Fremskrittspartiet·Møre og Romsdal

SakMøte onsdag den 25. februar 2026 kl. 10

Innlegget

Auka miljøkrav og krav om å innfri dei, fører openbert til auka kostnader. Ein rapport MEF, Maskinentreprenørenes Forbund, kom med i fjor sommar, viste at det innanfor anleggsdrift er 89 pst. dyrare med nullutsleppskøyretøy enn med vanleg, konvensjonell drift. Klimatiltaka gjev altså store utfordringar. Ei anna utfordring som gjer at det vert høgare prisar, og som veldig mange aktørar nemner, er at det har vorte større og større kontraktar, og at det er færre, men større aktørar som har kontraktane, og som har underleverandørar under seg. Det er også færre som kjem seg inn i marknaden. Det er store kostnader knytt til å innfri dei 30 prosentane som statsråden viste til. Dette gjer at mange berre gjev blaffen i å vere med på anboda. Dei klarer det rett og slett ikkje. Er det mogleg for statsråden å vurdere å ha mindre kontraktar, altså ha eit mindre kontraktsomfang, og fleire kontraktar?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat