Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 25. feb 2026

Frank Edvard Sve
Frank Edvard Sve
Fremskrittspartiet·Møre og Romsdal

SakMøte onsdag den 25. februar 2026 kl. 10

Innlegget

Vi veit jo at det er ein enorm prisvekst. Blant anna drivstoffprisane har gått til himmels – kostnadene har auka betydeleg, så det statsråden seier, er riktig. Men utgangspunktet er at det som vert meldt tilbake, er at ein får mindre brøyting for pengane enn ein gjorde for nokre år sidan, på grunn av den enorme kostnadsveksten. I tillegg har ein miljøkrava. Dette gjer at ein får mindre vintervedlikehald igjen for pengane på grunn av dei krava som finst, og den kostnadsveksten som har vore. Mange er opptekne av at det vert best mogleg konkurranse, størst mogleg konkurranse og at ein får flest mogleg aktørar inn i dette beredskapsarbeidet. Det er i den samanheng at mange peikar på at det i dag er for store og for få kontraktar, og at dei store entreprenørane på ein måte skvisar underleverandørane litt, og det vert vanskeleg for dei å verte med. Ein kan faktisk sjå at det har vorte ein del konkursar i selskap som har drive mykje med brøyting. Det å hauste erfaringar er greitt, men kan ein sjå på moglegheita for å ha mindre kontraktar, altså kontraktar med eit mindre omfang?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Frank Edvard Sve (Fremskrittspartiet) — Replikk · 25. feb 2026 — OverStortinget