Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 25. feb 2026

Frank Edvard Sve
Frank Edvard Sve
Fremskrittspartiet·Møre og Romsdal

SakMøte onsdag den 25. februar 2026 kl. 10

Innlegget

Dersom ein skal gjere tiltak for å få ned antalet hardt skadde og drepne i trafikken, må ein utbetre dei vegane som faktisk har dei utfordringane, sjølvsagt i tillegg til mange av dei andre tiltaka statsråden nemnde. I Møre og Romsdal har vi E39 Solavågseidet–Blindheim–Moa. Blindheimstunellen er Noregs mest trafikkerte eittløpstunell. Der er det mange ulykker med hardt skadde og også dødsulykker. Vi hadde ei sak i Stortinget for ikkje altfor lenge sidan. Då ville ikkje statsråden støtte det, men ein skal altså gå vidare med eit prosjekt for Møreaksen som ikkje har dei vurderingane inne. Om ein ønskjer å få ned antalet hardt skadde og drepne i trafikken og å gjere noko med det, ser ikkje statsråden at ein er nøydd til å gripe fatt i områda med veldig høg trafikk og eit veldig høgt antal hardt skadde og drepne, omprioritere og ta grep der? Det er noko som openbert vil verke.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat