Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
I Molde-området, altså Molde–Vestnes, er det ei utfordring med auka trafikk. Vegvesenet har sagt at innan fem år må det stå ferdig nye ferjekaier både på Molde-sida og på Vestnes-sida. Alle skjøner at nokon ny tunell bak Molde by – med referanse til Møreaksen – ikkje vil vere ferdig innan dei fem åra. Det betyr at ein må byggje der ferjekaia er i dag. Det er i dag store utfordringar med massevis av lyskryss på E39 ut av Molde austover, som lagar veldig mange problem for trafikken i rushtidene. Det vi peikar på, er å få ta vekk mange av dei lyskryssa – enkle grep og tiltak som kan gjerast i eit null- til femårsperspektiv. Er det tiltak statsråden kan vurdere i lag med Vegvesenet, for å sjå på moglegheitene til å få gjort noko med det? Å byggje rundkøyringar og fjerne lyskryss har sterk tilslutning i regionen.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
