Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 25. feb 2026

Geir Inge Lien
Geir Inge Lien
Senterpartiet·Møre og Romsdal

SakMøte onsdag den 25. februar 2026 kl. 10

Innlegget

I Hurdalsplattforma – sett i lys av dette – var Senterpartiet og Arbeidarpartiet einige om å gjennomgå selskapsstrukturen i jernbanesektoren. Det var eit mål om ei heilskapleg og oversiktleg organisering. Det ser vi i dag er nødvendig, ut frå det som skjer. Statsråden har tidlegare sett seg fornøgd med dei få grepa som har vorte tekne, og problema har hopa seg opp i jernbanen. Overskridingar, utsetjingar og frustrerte passasjerar er fasiten etter fire år. Vil statsråden vere med Senterpartiet og sjå på eit ytterlegare strukturgrep, som f.eks. å leggje ned direktoratet eller gjere andre grep, f.eks. knytte til Bane NOR eller Norske Tog, for å få ei meir strukturell og oversiktleg organisering av tog og bane i Noreg?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat