Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Dei laukbøndene som er ramma av den plutselege snuoperasjonen som skjedde, er ikkje veldig imponerte av det regjeringa har levert. Dei har fått veta dei skal få 70 pst. kompensasjon, men dei har ikkje fått veta kva det er 70 pst. av. Dei har ikkje fått veta noko om vilkåra som ligg inne, og her vert det peika på at ein må venta til RNB. Det er litt seint å gjera tilpassingar til årets sesong, lauken er i full vekst når den tida kjem. Som grunngjeving for 70 pst., skriv og seier landbruksministeren at det er fordi ein skal kunna gjera tilpassingar, men når me står her i slutten av februar, kva tilpassingar er det ein tenkjer laukbøndene i f.eks. Innlandet kan gjera for å tilpassa seg dei nye kadmiumkrava?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
