Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Sjølvforsyninga i Noreg er for låg, og me er eit land der me i stor grad brukar gras til å produsera mat. Regjeringa har nyleg fått ein rapport frå Miljødirektoratet som tar til orde for kraftig redusert kjøtforbruk i Noreg. Dei skriv rett ut at det vil bety at 35 pst. av arealet vårt vil verta overflødig – i hovudsak på Vestlandet, i Nord-Noreg og i distrikta. Det er eit svært dramatisk forslag som har kome frå Miljødirektoratet. Dei føreslår ei avgift på kjøt på 50 pst. for å få folk med middels og låge inntekter til eigentleg å slutta å eta kjøt. Landbruksministeren har vorte utfordra på dette, og eg vil òg utfordra han. Meiner landbruksministeren at dette er ein god idé?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
