Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 25. feb 2026

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakMøte onsdag den 25. februar 2026 kl. 10

Innlegget

Tusen takk for eit viktig spørsmål. Eg deler bekymringa representanten har for situasjonen på fosterheimsområdet. Det er alvorleg når ungar må vente lenge på ei trygg og varig løysing. Dei fleste ungane som bur i eller som ventar på fosterheim, bur i ein beredskapsheim, nokre bur i ein fosterheim eller institusjon dei kanskje skulle ha flytta frå, og om lag éin av ti bur heime mens kommunen prøver ut ulike hjelpetiltak. Eg legg til grunn at ungane har eit forsvarleg tilbod, men det er ikkje ønskjeleg at ungar skal bli verande lenge i midlertidige løysingar. Både kommunane og Bufetat rekrutterer fosterheimar. Bufdir set no i verk ei rekkje tiltak som legg til rette for at kommunane og Bufetat skal samarbeide tettare og òg meir strategisk om å finne fosterheimar og forbetre innsatsen lokalt. Desse tiltaka skal basere seg på kartlegging av beste praksis i ulike delar av landet, noko eg meiner er veldig bra. Fosterforeldre tek på seg eit veldig viktig oppdrag for fellesskapet, og dei må få god og eg vil òg seie betre rettleiing og hjelp frå kommunane når dei møter på utfordringar. Difor er det bra at det frå januar i år er etablert eit nytt kompetansestøtteteam i Bufetat som skal støtte kommunane i arbeidet med konkrete saker, og som òg skal kunne gje direkte rettleiing til fosterforeldre. På denne måten kan me forhindre brot i fosterheimane og redusere behovet for nye fosterheimar. Regjeringa har òg gjeve fosterforeldre betre økonomiske rammer, som kompensasjon for manglande pensjonsopptening, og frå i år har fosterforeldre fått auka avgjerdsmyndigheit i kvardagen, slik at det kan bli lettare å få hjelpt ungane med skulegang, fritidsaktivitetar og helsetenester. Dette er tiltak som gjer det enklare og meir føreseieleg å vere fosterforeldre. Så er det heldigvis ikkje slik at det er stadig fleire som ventar. Etter ei betydeleg auking i antal barn som ventar på fosterheim dei siste åra, har me no fått ei positiv utvikling i slutten av 2025, der antalet som ventar på fosterheim i Bufetats regionar, gjekk frå 374 ved utgangen av august til 336 ved utgangen av desember. Det er ei forsiktig betring, men me er absolutt ikkje i mål, og det er framleis viktig å arbeide både for å rekruttere fleire fosterheimar og klare å følgje dei opp på ein betre måte. Det jobbar me med både breitt og målretta, slik at færre barn skal måtte vente på ein fosterheim, og ikkje minst slik at fosterheimane får den støtta dei treng i dette veldig viktige oppdraget dei tek på seg.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat