Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 25. feb 2026

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakMøte onsdag den 25. februar 2026 kl. 10

Innlegget

Takk for eit godt oppfølgingsspørsmål. For det fyrste har representanten heilt rett i at det er krevjande tider å rekruttere fosterheimar i, rett og slett fordi me lever i ei dyrtid, der bustadprisane er høge, og der terskelen for å seie ja til å ta imot eitt barn til i ein familie der ein har ungar frå før, kan vere noko høgare enn tidlegare. Eg har veldig stor tru på kompetansestøtteteamet som er etablert. Eg er heilt overtydd om, gjennom både samtale med fosterforeldre og Norsk Fosterhjemsforening, at det å gje fosterforeldre betre støtte og hjelp og også rettleiing i oppdraget har mykje å seie, for eg er òg bekymra over at ein del som er fosterforeldre, er det berre éin gong. Då må me, som representanten er inne på, fylgje opp både dei rapportane me har fått frå Bufdir og bruke dei kommunale læringsnettverka som me har fått på plass på fosterheimsområdet, og ikkje minst fylgje opp betre med rettleiing.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Lene Vågslid (Arbeiderpartiet) — Replikk · 25. feb 2026 — OverStortinget