Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 25. feb 2026

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakMøte onsdag den 25. februar 2026 kl. 10

Innlegget

Eg vil gjenta det eg sa i det fyrste svaret mitt: Me ser heldigvis ei positiv utvikling i forhold til at det er færre som ventar no enn det var for få månader sidan. Samtidig er talet framleis for høgt, og eg er òg bekymra over den tida det tek. Difor er det viktig at me tek i bruk spesialiserte tiltak i fosterheimar, slik me har vedteke i kvalitetsløftet for barnevernet. Regjeringa ynskjer òg auka bruk av spesialiserte fosterheimar, og me har auka løyvingane til føremålet, men me har hatt utfordringar med å rekruttere nok spesialiserte fosterheimar. Regjeringa har vurdert bistandsplikt for fosterheimar, og det meiner me ikkje er eit rett verkemiddel for å møte denne utfordringa. Det handlar bl.a. om at det ikkje vil vere ein automatikk i at ei plikt f.eks. vil gje auka tilgang på eigna heimar. Eg har meir tru på at me jobbar breiare med dei tiltaka me no har lansert.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Lene Vågslid (Arbeiderpartiet) — Replikk · 25. feb 2026 — OverStortinget