Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Eg var med då eit liknande forslag blei behandla i 2006. Eg sa nei til statleg kulturkanon då, og eg seier nei igjen i dag. Dei moderne kulturkanondebattane starta med Harold Blooms publisering av den monumentale boka Vestens litterære kanon i 1994 – for 32 år sidan. Etter dette har fleire kulturpolitikarar i fleire land prøvd å dra Bloom etter håret inn i sin kulturpolitiske samanheng – og då ofte for å sikre seg eit slags kulturpolitisk fikenblad, for å skaffe seg sjølv truverd som vaktarar av tradisjon og sivilisasjon. Det er i grunnen veldig paradoksalt at det skjer, for Bloom åtvara mot dette og har igjen og igjen åtvara mot å dra litteraturen inn i politikken på den måten, eller politikken inn i litteraturen. Det er verdt å merke seg at alle dei tolv høyringsinnspela er kritiske til ein kulturkanon. Kritikken handlar ikkje om at kulturarv er uviktig, tvert om, men om at ein statleg autorisert kanon lett blir ein reiskap for rangering og normering. Kulturpolitikken skal gje rom, ikkje avgrensing. Han skal leggje til rette, ikkje fastslå ei fasitliste over kva som er godt nok, kva som tel nok. Når eit samla kulturfelt åtvarar, bør det vege tungt. Det bør òg vere lov å minne Høgre om det gamle slagordet deira: «Det skal være grenser for politikk». Kultur er ikkje ein utstillingsmonter på eit museum. Det er ei rørsle, og det er nyskaping. Difor er det direkte uklokt at ein offentleg instans skal definere eit statisk bilete av kva som skal stå seg for alle og for all tid. Kva kriterium skal ein bruke? Kven skal avgjere? Korleis veg vi Garborg, Ibsen og Christian Krogh opp mot samisk duodji og Snorre og norsk hardingfelemusikk, eller vestfronten i Nidarosdomen opp mot Åsta Holths radikale forfattarskap frå Finnskogen? Eg er stygt redd for at den kulturkanonen som Høgre ønskjer seg, er eit luftslott som kanskje ser bra ut i fantasien, men som ikkje kjem til å stå seg i møte med den langt meir fascinerande, paradoksale og kompliserte norske kunsten og kulturarven. Erfaringane frå nabolanda er heller ikkje oppmuntrande. Er dette god bruk av midlane til fellesskapet? Burde vi ikkje heller bruke pengane og kreftene våre på det som faktisk held kulturlivet vårt og kulturformidlinga vår levande? Vi har merka oss at Høgre med jamne mellomrom føreslår kutt til formidling av kultur og skapande kulturell verksemd. Her ligg dagens store paradoks, for det er jo slik at levande kultur treng verkstader, scener, turneordningar, bibliotek og møteplassar. Ein treng kommunar som får handlingsrom til å ta kulturansvar på alvor – og at fylke og stat gjer det same. Òg her kuttar Høgre gjerne. Senterpartiet kjem til å stemme med fleirtalet i komiteen i denne saka. Dette forslaget er det lett å avvise.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
