Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 3. mar 2026

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakMøte tirsdag den 3. mars 2026 kl. 10

Innlegget

Dette er ei overordentleg viktig og etterlengta melding. Det er den første i sitt slag og ei melding for barn i vår tid. Vi er jo eit digitalt samfunn, og da er det viktig at ein òg tar ansvar for korleis oppveksten til barn er i dette samfunnet – at barn vert beskytta mot skadeleg innhald, internettrelaterte overgrep og seksuelt misbruk, samtidig som det skal vera trygt å oppleva den gleda og utviklinga det er å vera digital og vera på nett. Det er òg viktig at barn og unge skal kunna kommunisera med kvarandre og med omverda som ein del av rettane deira. Det må òg skje på ein trygg måte. Senterpartiet støttar i utgangspunktet forslaget til regjeringa om ei aldersgrense for barn sin bruk av sosiale medium med 15 år som utgangspunkt, og vi ser fram til at det kjem eit forslag om det tilbake til stortinget. Den er bra, den jobben som vert gjort opp mot teknologiselskapa for å ansvarleggjera dei for deira ansvar for å beskytta barn og leggja til rette for tryggare bruk av tenestene deira. Det er mange gode merknader i denne innstillinga. Eg ser spesielt at det er merknader som tar opp at barn leiker mindre ute i naturen, og det er forsking som viser at ein ser ein samanheng mellom bl.a. stillesitting og å vera på nett og det at ein har mindre tid til å leika ute og til frileik. Dette viser at det påverkar ein heil generasjon barn og unge. Eg er så heldig – eller kanskje det er uheldig for komiteen – at eg sit i helsekomiteen, og dette ein debatterer i dag, er kjempeviktig for den psykiske helsa til barn. Eg var nettopp i ein debatt om den psykiske helsa til barn med ein psykiater som jobbar på ein poliklinikk, og eg spurde om han kunne forklara kvifor vi ser at det gjekk ei bratt kurve opp rundt 2010–2012 med ein stor auke av barn som vart tilviste for psykiske lidingar osv. Han svarte med ein gong at det var innføringa av smarttelefonen. Dette er erfaringar som helsepersonell har. Det er i alle fall veldig mange som er bekymra når vi les at over 90 pst. av 9–11-åringar har mobiltelefon, og at ungdomar sjølv rapporterer om for mykje reklame. Halvparten av 9–18-åringane seier at dei har fått reklame for produkt for å gå ned i vekt og/eller produkt som skal gi større musklar. Dette er jo barn. Dei er under 18 år. Da kan vi jo spørja kvifor vi har så mange som vert tilviste for spiseforstyrringar, når det er dette barn og unge lever med i kvardagen sin. Da får dei eit forvrengt bilde av korleis ein kropp skal sjå ut. Dette vert òg dyrka, og dei opplever eit enormt press. Det har store konsekvensar om barn og unge ikkje vert beskytta på nettet, sånn dei har rett til. Vi i Senterpartiet er opptatt av at vi òg må styrkja den digitale dømekrafta til barn og unge. Sjølv om vi får ei grense på 15 år, vil dei måtta forhalda seg til det dei kan verta utsette for på nettet. Vi må læra dei opp til digital dømekraft og til å ha god dømekraft og vita kva dei kan verta utsette for – digital kompetanse, som det heiter, hos barn og ungdom sjølv og òg hos foreldre og dei som jobbar med barn. Vi vaksne er ofte eit veldig dårleg forbilde med vår eigen bruk av sosiale medium og vår eigen bruk av telefon. Det nyttar jo ikkje å vera veldig tøff og klar på barn og ungdom sin bruk av sosiale medium viss vi sjølv er veldig dårlege forbilde. Vi støttar stortingsmeldinga og ser fram til fortsetjinga.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Kjersti Toppe (Senterpartiet) — Innlegg · 3. mar 2026 — OverStortinget