Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 3. mar 2026

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakMøte tirsdag den 3. mars 2026 kl. 10

Innlegget

Dette er ei stortingsmelding som er hjarteleg velkomen. Det er veldig bra med ei felles stortingsmelding med ulike departement, der både utfordringane og løysingane ligg, som det står i meldinga. Det er òg veldig bra at ein fokuserer på dette partnarskapet med kommunesektoren, for det er i kommunane den største innsatsen må skje for å sikra barn og unge ein trygg og god oppvekst i Noreg. Det er bra at meldinga har eit veldig breitt førebyggingsperspektiv, spesielt for dei yngste ungane. Eg synest òg det er veldig bra at ein har landa ned på dei universelle ordningane, jf. barnetrygda, og heller har nokre målretta tiltak på toppen, ikkje at det vert ein politikk for dei meir verdig trengande, som er ein måte ein kan seia det på. Eg ser det er fem innsatsområde: arbeid og auka økonomisk tryggleik, ein god start på livet, like moglegheiter gjennom utdanningsløp, fritidsarenaer og arbeidsliv, å styrkja laget rundt barna og meir kunnskap og samarbeid. Det er veldig viktige innsatsområde. Spesielt i ei tid der vi har veldig mange unge og unge vaksne som fell utanfor både utdanning og arbeidsliv, er det eit rett fokus. Eg vil ta opp dette med økonomisk tryggleik. Dei aller fleste barn i Noreg har gode levekår. Samtidig veit vi at økonomisk ulikskap har vore aukande, og det er fleire barn enn vi vil som i dag veks opp i fattigdom – i vedvarande låginntekt. Eitt av ti barn veks opp i vedvarande låginntekt. Eg meiner det er vanskeleg for mange å forstå kva det gjer med eit barn å veksa opp i vedvarande låginntekt i Noreg – ikkje berre å ha litt dårleg råd av og til, men å veksa opp heile barndommen i det vi kallar vedvarande låginntekt, som dei opplever er at dei er fattige familiar i Noreg. Vi veit frå forsking at å veksa opp i låginntekt påverkar både helse, utdanningsløp og deltaking i samfunnet. Vi veit òg at barn med innvandrarbakgrunn i dag utgjer halvparten av barn som lever i fattige familiar i Noreg. Barn er barn, uansett kor dei kjem frå, og det er viktig å ha ein politikk for det. Eg har snakka med ein av desse som har innvandrarbakgrunn, som fortalde at dei ikkje var fattige før dei kom til Noreg. Det er veldig hardt å høyra ein ungdom seia det, for det var på ein måte kanskje Noreg som gjorde dei fattige. Det er det ingen barn som ønskjer å leva i over tid. Det er det veldig viktig at denne meldinga følgjer opp, og det er eit godt grunnlag for det. Det andre eg vil ta opp, er dei 1 000 fyrste dagane, som meldinga fokuserer særskilt på. Det er eg veldig glad for. Det gjeld frå unnfanging til toårsdag, der vi investerer i den tidlege fasen i livsløpet, investerer i familiane og gir hjelp før ein får diagnose, og at ein ikkje treng ein diagnose for å få hjelp. Eg har så sans for ordningar som Home-Start, som gir hjelp til familiar som strevar med heilt vanlege ting, men som kanskje ikkje har nettverket, og viss dei ikkje hadde fått den hjelpa, hadde det kanskje utvikla seg til ein diagnose eller spesialiserte hjelpetiltak. Alle treng nokre ekstra hender når ein har små barn. Det er ulike ting som kan ramma, og det er veldig travelt. Vi treng ikkje å gjera det meir vanskeleg enn det er – det var ei gamal ordning med husmorvikar, det heiter aldeles ikkje det lenger – men vi må kunna gi familiar heilt praktisk og forståeleg hjelp i den småbarnsfasen dei står i. Det må det offentlege støtta opp om ordningar for, om ein ikkje har andre ressursar rundt seg som kan gi hjelp. Vi har fremja to forslag i dag. Det er forslag nr. 10, om nettopp å styrkja innsatsen for barn i barnas fyrste 1 000 dagar, der vi peikar på dette med familiehjelp, gjennom anten kommune eller frivillige organisasjonar, og forslag nr. 11, om å auka barnetrygda for fleirbarnsfamiliar. Vi veit ein har auka risiko for å hamna i fattigdom når ein har mange barn. Vi støttar I og II og stemmer for forslaga nr. 4 og 7 i innstillinga. Eg tek opp forslaga.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat