Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 3. mar 2026

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakMøte tirsdag den 3. mars 2026 kl. 10

Innlegget

Eg nyttar anledninga til å stilla eit spørsmål om senter for foreldre og barn, i og med at denne meldinga har eit stort fokus på dei tusen første dagane. Senter for foreldre og barn er jo nettopp til for å kunna gi hjelp, utgreiing og støtte til sårbare barn og familiar når barnet er frå null til seks år. Eg høyrde ein gong med ein som jobbar på eit senter om han kunna sjå forskjellen på barn som det gjekk bra med og ikkje. Han sa at han såg ein stor forskjell på dei barna som hadde vorte heldt, og dei som ikkje hadde det. Det gjorde stort inntrykk på meg å høyra. Eg synest det er svært viktige tilbod. No får eg bekymringsmeldingar, og eg les i media at f.eks. CRUX Solstrand i Haugesund no legg ned. 13 tilsette mister jobben fordi Bufdir halverer talet plassar på senteret. Mitt spørsmål er: Kva skjer eigentleg på sentera for foreldre og barn no?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat