Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 3. mar 2026

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakMøte tirsdag den 3. mars 2026 kl. 10

Innlegget

Ei av mine prioriterte saker i regjering er å tryggje barns digitale oppvekst. Me kan rett og slett ikkje akseptere at det er algoritmar og tekgigantar som oppdreg ungane våre. Dei siste 10–15 åra meiner eg bestemt at me hatt ein testgenerasjon av unge som heilt uregulert har hatt tilgang til sosiale medium i svært ung alder. Eller la meg snu på det: Det er sterke kommersielle krefter som har hatt fri tilgang til våre barn, og som foreldre har me visst for lite. Heldigvis er dette i ferd med å snu. Vi veit stadig meir, me får ny kunnskap, og det forpliktar. Medietilsynet kom nettopp med ein rapport, Fanget i feeden, som bringer inn ny kunnskap om norske barn. Frå før veit me at norske barn ligg i verdstoppen både i bruk av smarttelefon og sosiale medium. For fyrste gong viser no Barn og medier-undersøkinga at trenden har snudd. No brukar norske barn mindre tid på mobil enn dei gjorde i 2024, og me ser òg at det er ein nedgang i bruk av sosiale medium. Denne rapporten viser bl.a. til at dette heng saman med tiltak som regjeringa har sett i gang, eller er i gang med å innføre. Det digitale universet gjev mange moglegheiter, men det er klart at det òg gjev store utfordringar som me må ta på alvor. Difor må me beskytte barn mot skadeleg innhald, kommersiell utnytting, overvaking og misbruk av personopplysningar. Denne meldinga får tydeleg fram at me deler dette ansvaret: Det blir delt av foreldre og alle som jobbar med barn, og ikkje minst av dei som utviklar og tilbyr desse tenestene. Me veit òg at me må beskytte dei aller mest sårbare barna, då bruk av sosiale medium òg er eit ynda verktøy blant kyniske kriminelle i rekruttering til kriminalitet. Innstillinga viser at det er brei einigheit om hovudlinjene i politikken om å tryggje barn på nett, med eit godt unntak av Framstegspartiet, men komiteens vurderingar i breitt vil òg kome til nytte i det vidare arbeidet på dette feltet. Eg har no vore barne- og familieminister i litt over eit år. Omtrent samtidig starta foreldreinitiativet Smarttelefonfri barndom opp, og på det året har engasjementet blant foreldre vakse og vakse. Eg er så imponert over alle foreldre som har sett denne debatten på dagsordenen i sine foreldregrupper – om det handlar om sosiale medium, om smarttelefon, eller berre generelt, at me som er foreldre, må følgje med i den digitale oppveksten til ungane. Eg er heilt overtydd om at ungane våre treng betre regulering og meir politikk for å sikre deira digitale oppvekst, men dei treng òg vakne og engasjerte foreldre, og det har me, som nemnt, sett tusenvis av eksempel på det siste året. Nyleg la me fram regjeringas plan for Noreg. Der er tryggleik for barn og unge ein av fem hovudområde, og trygg digital oppvekst er ein sentral del av det. Me har lenge beskytta ungane våre ganske godt i den fysiske verda, kanskje til og med litt for mykje nokre gonger, men ungane er underbeskytta i det digitale. Difor er denne stortingsmeldinga så viktig. Og den er den første i sitt slag der ein viser til arbeidet med lovforslag om aldersgrense i sosiale medium, innlemming av viktig EU-regelverk, som Digital Services Act, opprette nasjonale skjermråd, innføre anbefalingar om mobilbruk i skulen, oppdatere filter på skulens einingar. Det skal greiast ut eit teknologifag i skulen, og me har kome med strengare sanksjonar for brot på god marknadsføringsskikk overfor barn, me skal oppdatere «skadelighetsbegrepet» – og eg kunne ha nemnt mange fleire. Dei siste fire månadene har eg besøkt alle mine fire nordiske kollegaer. Eg har òg hatt eit lite nattmøte med Australias minister for kommunikasjon og urban infrastruktur, by og kunst. Me i Noreg, og saman i Stortinget, kan bli einige om mange gode tiltak for å tryggje barns digitale oppvekst, men me er nøydde til å samarbeide utover eigne landegrenser, i Norden og Europa. Me kan regulere meir, me kan beskytte ungane betre på nett. Medietilsynets rapport viser for fyrste gong ei positiv endring i bruken av mobil blant barn og unge. Det fortel at noko no er i ferd med å skje. Eg meiner me må ta tilbake tida, me må gjera meir for å beskytte barnehjernen, men òg leiken og nærværet, og eg ser fram til denne viktige debatten om denne viktige meldinga.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat