Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Eg er veldig skuffa over Framstegspartiet, som skil seg ut frå sine systerparti i Europa gjennom denne evinnelege motstanden mot å sikre aldersgrenser i sosiale medium, for det er eit tiltak for nettopp å beskytte barn mot kriminalitet. Det er ein grunn til at både Kripos og politiet uttrykkjer stor støtte til det forslaget, men me kan gjere meir enn det. Difor samarbeider eg òg tett med justisministeren. Representanten har heilt rett i at det er ei stor utfordring at det har blitt veldig mykje lettare, rett og slett, gjennom dette «Crime-as-a-Service»-fenomenet å rekruttere barn gjennom ulike plattformar på nett. Difor er eg glad for at regjeringa og justisministeren har sett i gang arbeidet med å sjå på ein eigen «grooming»-paragraf, og at me i det breie lag i regjeringa arbeider med å forstå barns digitale oppvekst i alle sektorar. Difor må me samarbeide tett på tvers av departement. Eg meiner me treng ei aldersgrense i sosiale medium, og så vil òg denne stortingsmeldinga ganske raskt måtte fyllast på med ny politikk, for utviklinga her går raskt.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
