Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 3. mar 2026

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakMøte tirsdag den 3. mars 2026 kl. 10

Innlegget

Det er ikkje slik at det berre er Noreg som jobbar med det å få på plass ei aldersgrense i sosiale medium. Det skjer heldigvis i veldig mange land, og engasjementet er òg veldig stort i EU. Som representanten viser til, er Australia det fyrste landet i verda som har gjort det. Eg er imponert om representanten Gustavsen allereie har oversikt over korleis innføringa av ei aldersgrense som kom på plass i desember i fjor, har verka, for det trur eg nok er litt tidleg å slå fast. Det me er vane med å høyre frå Framstegspartiet, er at det ikkje er noko poeng i å ha ei aldersgrense, fordi nokon kjem til å bryte eller omgå den. Det er ikkje slik at fordi nokon køyrer 100 km/t i 80-sona, så vurderer me å setje opp fartsgrensa. Eg har tru på både normgjevande funksjon i lovgjevinga og at me kan klare – særleg saman med fleire land – å beskytte barn betre mot særleg å bli utnytta av kommersielle, kyniske krefter, men òg slik at me tryggjar deira digitale oppvekst på ein betre måte.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat