Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Arbeidet med å følgje opp lovforslaget som har vore på høyring, går føre seg no. Dette er juridisk og teknologisk nybrottsarbeid. Engasjementet var stort, det var 8 200 høyringssvar. Eg er veldig oppteken av at når me kjem til Stortinget med eit lovforslag om ei absolutt aldersgrense, skal den ivareta både rettssikkerheit og grunnleggjande menneskerettar. Det er vår oppgåve å vurdere når ulike menneskerettar kan stå opp mot kvarandre. Dette har eg hatt mange gode møte med barne- og ungdomsorganisasjonane om òg, for me skal sikre barn og unges rett til både deltaking og ytringsfridom, samtidig som me skal sikre barn beskyttelse. Eg meiner me har nok kunnskap no til å kunne vere føre var og lage eit lovverk alle parti i Stortinget – med unntak av Framstegspartiet – er for. Det ser eg fram til å få gjort. Eg kan ikkje datofeste det enno. Det skulle eg ønske eg kunne, for eg meiner – som fleire har vore inne på – at me er langt på overtid, mange år.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
