Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 3. mar 2026

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakMøte tirsdag den 3. mars 2026 kl. 10

Innlegget

La meg starte med å seie det same til representanten frå SV, som heldt eit veldig godt innlegg, og for engasjementet ho viser i denne saka. For regjeringa er arbeidet med å implementere det europeiske regelverket veldig viktig. Digital Services Act er eit direktiv som er veldig bra, og som vil styrkje barns vern på nett. Når det gjeld saka knytt til Grok, har EU-kommisjonen opna ei formell sak og gransking mot Grok etter forordninga om digitale tenester. Eg meiner det er eit eksempel på at det er viktig at me får implementert viktig EU-regelverk i Noreg som kan beskytte barn betre på nett, både når det gjeld marknadsføring og kommersielle krefter, og når det gjeld bruk av kunstig intelligens.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat