Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 3. mar 2026

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakMøte tirsdag den 3. mars 2026 kl. 10

Innlegget

Eg har lyst til å vise til det gode innlegget til Haagen Poppe. Han sa i stad at me ikkje må skyte sporv med kanon, og det er eg veldig einig i. Lovarbeidet med ei aldersgrense i sosiale medium må gje eit treffsikkert og godt lovforslag. Eg vil gje KrF stor anerkjenning for å vere eitt av få parti som veldig lenge har vore oppteke av denne saka. Det er omtrent ikkje noko eg prioriterer meir enn arbeidet med akkurat dette lovforslaget, men me er nøydde til å sikre at lovforslaget blir godt nok balansert når det gjeld dei ulike rettane barn har. Som KrF-representanten nemner, er målet til regjeringa at me skal få på plass ei absolutt aldersgrense. Då er handhevingsmekanismane ein vesentleg del av det.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat