Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 3. mar 2026

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakMøte tirsdag den 3. mars 2026 kl. 10

Innlegget

Det er fint med debatt om barns digitale oppvekst. Eg er eigentleg veldig glad for at Framstegspartiets representantar i komiteen også er veldig aktive i debatten, for det siste året har eg sakna Framstegspartiet i ein del av debattane me har hatt om trygg digital oppvekst. Så ser eg fram til at me eventuelt kjem til Stortinget med eit forslag til SoMe-lov før Framstegspartiet landar. Eg høyrer at ein er imot aldersgrense, samtidig som representanten Hjemdal ikkje vil bli misforstått. Viss det er noko me har misforstått, må ein gjerne klargjere det. Representanten Hjemdal seier òg at me har ei aldersgrense i dag. Ja, tekgigantane har sjølv sett aldersgrenser i plattformene sine, men me har ikkje ei lovfesta aldersgrense i Noreg i dag, og det ynskjer Arbeidarpartiet å ha på plass. Eg vil òg seie at det er mykje positivt med det digitale livet, som me alle er ein del av. Det å sjå på f.eks. å utgreie eit tekfag, som Utdanningsdirektoratet gjer no, meiner eg er viktig. Som representanten Toppe var inne på, handlar det òg om å sikre at ungane får god digital kompetanse. Eg er òg for gaming. Eg har hatt gode møte og god dialog med både Hyperion og Actis fleire gonger for at me skal klare å sikre god gaming for barn og unge. At kulturministeren no har sett i gang ei utgreiing for å sjå på forbod mot lootboksar, er bra, for gjennom å få vekk dei skadelege delane av gaming eller ved betre beskytting i sosiale medium kan me behalde det som er bra. Barnebarometeret, som Barneombodet har utført, viser at ungar sjølv ynskjer å bruke mindre tid på både skjerm og sosiale medium. Og i debatten har fleire vore innom at både foreldre og politikarar òg må bli betre rollemodellar. Eg ser fram til å få opp denne stortingsmeldinga, og eg er godt i gang. Eg er glad for at dei fleste partia ser ut til å meine at innføring av viktig EU-regelverk som DSA er viktig å få på plass, slik at me klarer å beskytte ungane betre i ei fulldigital tid. Det var ikkje nødvendigvis veldig populært den gongen det kom forslag om røykjelov i Noreg. Det var ikkje nødvendigvis veldig populært då det kom påbod om bilbelte. Eg trur at det å få til betre regulering av den digitale oppveksten til barn no, blir heilt avgjerande for kva slags oppvekst dei kjem til å få. Takk for debatten.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Lene Vågslid (Arbeiderpartiet) — Innlegg · 3. mar 2026 — OverStortinget