Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 3. mar 2026

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakMøte tirsdag den 3. mars 2026 kl. 10

Innlegget

Denne stortingsmeldinga blei presentert for fyrste gong på Slime Gård Åpen barnehage i Søndre Nordstrand i Oslo, saman med kunnskapsministeren og arbeidsministeren. Det var ikkje tilfeldig. Ved denne barnehagen har ein teke nokon ganske spennande og interessante grep for betre inkludering og integrering av barnefamiliar i eit levekårsutsett område. Der har ein tilsett barnevernspedagogar med minoritetsbakgrunn og kompetanse i barnehagen, og barnehagen er ein såkalla open barnehage. Det er ein møteplass for foreldre og barn, ein plass der foreldra har hovudansvaret for barnet sitt, men der ein òg kan få råd og rettleiing av kvalifiserte og kompetente tilsette. Ikkje minst kan ein få hjelp til å søkje om barnehageplass, om ein treng det. Dei tilsette i Slime Gård Åpen barnehage kunne fortelje oss om kor tett på dei kom foreldre, og om korleis dei arbeider veldig godt med krysskulturell kompetanse, det å byggje tillit og bru, og skaper tryggleik for foreldre som av ulike grunnar kan ha skepsis til offentlege tenester i Noreg. Kvifor startar eg her? Det er fordi ein heilt sentral del av Arbeidarparti-regjeringas politikk som er lyfta fram i denne meldinga, er å sikre tryggleik for og tillit til familiane. Det er òg å sikre at foreldre kan jobbe, at dei har ein jobb, og har tryggleik for ungane sine, og ikkje minste å lyfte fram gode lokale eksempel på å jobbe med inkludering og integrering. Arbeidarparti-regjeringa fører ein politikk for å redusere dei sosiale forskjellane, og me vil bidrege til at barn og unge skal kunne leve eit godt liv i Noreg. Saman med Senterpartiet, SV, Raudt og MDG meiner eg me viser i budsjettforlika at det har prioritet. I Noreg skal det ikkje vere familiens bakgrunn som avgjer kva for moglegheiter ein får, og både det omfordelande skattesystemet me har, og dei universelle velferdsordningane fremjar like moglegheiter og bidreg til å utjamne forskjellar. Saman med budsjettpartnarane i Stortinget aukar me barns moglegheiter til å delta på viktige fellesarenaer gjennom sterkt redusert makspris i barnehage og gratis deltidsplass i SFO. No betaler barnefamiliar mindre for ein barnehageplass enn ein får utbetalt i barnetrygd. Det er ei stor endring med raud-grøne budsjett samanlikna med blå. Me veit at gevinsten av tidleg førebygging er stor. Meldinga framhevar særleg betydinga av arbeidet til kommunane og frivillige aktørar, og at statlege verkemiddel må støtte det førebyggjande arbeidet til kommunane og leggje til rette for tverrsektorielle løysingar. Difor slår me no saman fleire sektorvise øyremerka tilskotsordningar til eit kommunalt førebyggingsprogram for barn og unge. Eit viktig mål med dette er å auke moglegheitene til kommunane til å tilpasse innsatsen til dei lokale behova dei ser for sine barn og unge, og ikkje minst å sjå innsatsen i ein kommune i ein større heilskap. Familien er den viktigaste ramma for barn og unges liv. Det har fleire sagt før meg, og det er veldig sant. Eit barns 1 000 fyrste dagar speler ein stor rolle i utviklinga til barnet. Arbeidarparti-regjeringa styrkjer det helsefremjande og førebyggjande arbeidet for barnefamiliane. Det inneber god foreldrestøtte, tilgjengelege og gode barnehagar og oppfylging av barn som treng ekstra hjelp og støtte. Det inneber òg, som andre har vore innom før meg i debatten, førebygging av vald, overgrep og omsorgssvikt. Ungt utanforskap er eit samfunnsproblem. I dag står 10 pst. av unge mellom 10 år og 29 år utanfor arbeid, skule og opplæring. Slik kan me ikkje ha det – både fordi det har ein enorm kostnad for den enkelte, og fordi det har store kostnader for samfunnet. Kostnaden av tidleg marginalisering og utanforskap er anslege til nærare 90 mrd. kr i 2026-kroner. Noko av det fyrste eg gjorde som barne- og familieminister var å få gleda av å setje i gang eit målretta samfunnsoppdrag for inkludering av barn og unge, eit systematisk tiårig arbeid med eit veldig klart mål om at ingen barn og unge skal stå utanfor, og som mobiliserer samarbeid mellom partane i arbeidslivet, kommunesektoren og frivilligheita. Denne meldinga har ambisjonar. Statsministeren har blitt sitert tidlegare i debatten, og det er ein kjerne i Arbeidarpartiets politikk at barn og unge skal kunne strekke seg etter draumane sine og forme livet sitt uansett korleis bakgrunn dei har. Då må me sikre ein fellesskapspolitikk som gjev barn og unge i Noreg tru på framtida.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat