Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Det er ingen tvil om at me deler engasjementet – òg innsatsen, trur eg – for både å fremje gode forslag og gjere meir for å kjempe mot vald og overgrep mot barn. Eg er òg bekymra over at me har sett ein ganske stor nedgang i talet på bekymringsmeldingar til det kommunale barnevernet. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har sett nærmare på dette. Det kan vere ulike årsaker bak. Eg er oppteken av å følgje dette nøye. Det er veldig viktig at me melder ifrå viss me er bekymra for eit barn. Som ein ofte kan høyre frå direktoratet, barnevernet sjølv og andre, er det ikkje slik at det er me som nabo eller lærar som skal vurdere innhaldet i ei bekymringsmelding. Det er me som skal melde ei bekymring. Dette blei òg teke opp på den nasjonale barnevernskonferansen til Bufdir, og eg kjem til å følgje dette tett.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
