Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 3. mar 2026

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakMøte tirsdag den 3. mars 2026 kl. 10

Innlegget

Dette ligg nok litt utanfor det eg har ansvaret for, men eg skal prøve å svare på spørsmålet, for i tillegg til å vere barne- og familieminister er eg trus- og livssynsminister. Eg er veldig oppteken av – som eg òg ser at Samarbeidsrådet for trus- og livssynssamfunn er – å ta tak i utfordringar med negativ sosial kontroll òg i tros- og livssynsdialogen. Der opplever eg – gjennom det eigentleg unike samarbeidet me har, bl.a. i Samarbeidsrådet for trus- og livssynssamfunn – at i Noreg er dette eit tema som òg trus- og livssynssamfunna sjølve ønskjer å setje på dagsordenen. Og i løpet av denne veka kjem eg igjen til å ta opp temaet i trus- og livssynsdialogen.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat