Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Arbeidet med negativ sosial kontroll er veldig viktig for Arbeidarparti-regjeringa, og det er jo fleire statsrådar her i dag som har ansvaret for det. Eg meiner at noko av det viktige me gjer, særleg med ansvaret for barnevernet, er å arbeide med å styrkje tilliten til både barnevernet og det offentlege. Eg trur me må innsjå at viss me skal klare å kome i god dialog og kontakt med dei som treng hjelp av f.eks. barnevernet, må me ha god krysskulturell kompetanse. Eg er òg oppteken av å besøkje frivilligheita. For eksempel er Caritas Norge ein av fleire organisasjonar som jobbar veldig bra, med rettleiarar og vegvisarar, for å kunne byggje bruer og skape større forståing mellom ulike kulturar. Når det er sagt, er negativ sosial kontroll svært alvorleg for dei som er utsette for det, og eg meiner det er viktig at heile regjeringa og alle departement som har ansvaret, samarbeider godt i oppfølginga av handlingsplanen.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
