Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Eg opplever at Arbeidarpartiet, Høgre og fleire parti eigentleg er veldig einige om at det er fornuftig å samle fleire tilskot i programfinansiering. Det heng òg saman med det eg òg trur me er veldig einige om, at me samla sett må sjå på det styringstrykket som norske kommunar er utsette for, både frå staten, gjennom ulike øyremerka tilskot, og ved lovar og reglar. Me arbeider no med det nye førebyggingsprogrammet. Det kjem på plass i inneverande år, og det er løyvd pengar til det. Eg trur fordelen med å få på plass førebyggingsprogrammet – omleggingar som kan vere krevjande – er at kommunane i større grad kan sjå denne innsatsen i heilskap. Så er helsestasjonen og skulehelsetenesta ei lovpålagt oppgåve, og i evaluering av ordninga kjem me òg til å følgje nøye med på utviklinga i ressursar til helsestasjonane og skulehelsetenesta i kommunen.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
