Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Vurderinga til Bufdir knytt til sentera for foreldre og barn har eg òg fått spørsmål om skriftleg. Vurderinga handlar bl.a. om at det har vore veldig låg kapasitetsutnytting på nokon av sentera. Som tidlegare barne- og familieminister kjenner representanten Toppe veldig godt til dei prioriteringane me skal gjere framover. For meg er det aller, aller viktigaste at me både klarer å løyve dei pengane som trengst, til dei sentera der det er god tilgang på bruken, og ikkje minst at me klarar å prioritere arbeidet med ei ny innretning i barnevernet. Så vurderinga til Bufdir knytt til sentera for foreldre og barn handlar om at det har vore lågt belegg, og at det er dyrt å halde tomme plassar ledige.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
