Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Noko av det fyrste eg gjorde som trus- og livssynsminister var å utarbeide ein heilt ny strategi for det livssynsopne samfunnet. Eg meiner det er heilt feil å hevde at Arbeidarparti-regjeringa ikkje ser eller er oppteken av trus- og livssynssamfunna. At det ikkje er omtalt i meldinga, meiner eg ikkje skal bli lest på den måten representanten gjer. Tvert imot er eg heilt einig med representanten i at trus- og livssynssamfunna i Noreg er veldig sentrale for barnefamiliar og barns oppvekst, og at dei er ein viktig arena på fritida og for å møtast og finne ein plass som er viktig for dei. For Arbeidarparti-regjeringa var særleg strategien for det livssynsopne samfunnet, som er utarbeida i tett samarbeid med Trus- og livssyns-Noreg, kanskje det største uttrykket for at me tek det veldig på alvor og meiner at det er ein veldig sentral del av livet til folk i Noreg.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
