Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 3. mar 2026

Siren Julianne Jensen
Siren Julianne Jensen
Miljøpartiet De Grønne·Finnmark

SakMøte tirsdag den 3. mars 2026 kl. 10

Innlegget

Lat meg begynne med å seie: Eg elskar kultur, og eg elskar lister. Eg lagar lister over alt, men er det éi liste eg ikkje treng i livet mitt, er det ei statleg godkjend liste over Noregs viktigaste kulturverk, no med politisk kvalitetssikring. Og det er akkurat det Høgre føreslår, at eit utval skal slå fast kva for verk som er essensielle i Noreg sin kunst- og kulturarv – kulturen sitt svar på VG-Lista Topp 40, som skal hjelpe oss i møte med etniske, religiøse og sosioøkonomiske skilje, og ei innvandrarbefolkning «som har lite til felles med» andre nordmenn, for å sitere forslaget. Eg har jobba som norsklektor i 15 år. Eg har dratt mange elevar gjennom Håvamål og Et dukkehjem, og hadde det vore slik at unge menneske blir inspirert, integrerte og opplyste av at vi vaksne hengjer opp liste over ting vi burde like – ja, då ville norsk skule ha vore eit pedagogisk paradis. Høgre seier at kulturkanonen skal vere eit verktøy i skulen. Men i skulen, der eg har stått i mange år, er det ikkje mangel på lister vi slit med. Vi druknar i skjema, rapportar, planar og alt som ikkje handlar om ekte møte mellom elevar og fag. Vil vi styrkje kulturen i skulen, må vi gje lærarane tid til elevane. Vi må gje elevane språk, og vi må gje kunst og musikk rom nok. Vi treng ikkje ein ny pdf som blir lasta ned og skriven ut og anten aldri blir brukt eller blir til ei tvangstrøye. Vi lagar ikkje fellesskap av lister, vi lagar fellesskap av felles opplevingar, av felles språk og av å vere tolerante nok til å ville tolke kvarandre i beste meining, ikkje av å pugge kva Stortinget meiner er dei viktigaste verka i norsk historisk kollektiv bevisstheit. Kulturkanon høyrest seriøst ut, men det er i praksis å lage ei politisk Spotify-liste og tvinge heile landet til å følgje ho. Listesnekkaren er Stortinget, og det utan at nokon her eigentleg har vist seg å vere spesielt gode DJ-ar. Vi skal altså gå frå armlengds avstand til ein politisk anbefalingsalgoritme, og det skjer samtidig som kunstnarar ropar etter betre arbeidsvilkår, samtidig som distrikta ropar etter kulturmidlar og barn og unge etter meir tid til kunst og musikk i skulen. Eit folkeleg Noreg, eit reelt fellesskap, blir ikkje bygd av lister. Det blir bygd av alt som skjer mellom folk. Kultur er jo alt det vi gjer til vanleg – alle verk som ikkje har tolt tidas tann, alle verk som toler det veldig godt. Kultur er levande, kultur er blanda, og kultur er summen av alle dei uttrykka som ingen politikarar i verda klarar å putte i ei liste utan å velje bort veldig mykje som burde ha vore med.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat