Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 3. mar 2026

Siren Julianne Jensen
Siren Julianne Jensen
Miljøpartiet De Grønne·Finnmark

SakMøte tirsdag den 3. mars 2026 kl. 10

Innlegget

Tala frå 2025 viser at Oslo fekk 6 506 kr per barn, mens Bufetat mottok 10 093 kr per barn i sine opptaksområde. Det er verken rimeleg eller forsvarleg at barn i hovudstaden mottar betydeleg lågare finansiering enn barn i resten av landet. Samtidig har vi rapporten frå Stene II-utvalet, som tilrår ei gradvis avvikling av særordninga for Oslo. Sjølv om rapporten primært gjeld det statlege barnevernet, peikar han også på utfordringar i dagens oslomodell. Oslo kommune har òg gjennom media opna for at ansvaret for andrelinja kan bli overført til staten, men både ekspertutvalet og Oslo kommune understrekar behovet for ei heilskapleg vurdering av modellane vi har i dag; styrkar, veikskapar og moglege alternativ. Vi i MDG er einig med høgrestyrte Oslo kommune og Stene II- utvalet og har difor vore tydeleg på at ei eventuell overføring av ansvaret til staten vil krevje ein grundig prosess, både lokalt og nasjonalt. Barnevernet er ei av dei mest krevjande velferdstenestene vi har, og endringar må bli gjennomførte på ein ryddig måte og med fagleg tyngde. Samtidig må vi sikre at barna i Oslo ikkje blir ståande igjen i ein usikker situasjon, dersom ein ikkje følgjer opp Stene-forslaget. Difor blir følgjande forslag fremja av Arbeidarpartiet og Miljøpartiet Dei Grøne: «Stortinget ber regjeringen gjøre en ny vurdering av finansieringen av andrelinjebarnevernet i Oslo, dersom det besluttes å ikke gå videre med forslaget fra Stene II-utvalget om innlemming av dette i det statlige barnevernet.» Uansett kva for modell vi endar opp med, er ein ting heilt grunnleggjande: at barn i Oslo skal bli behandla likt. Difor stør også MDG tydeleg forslaget om at Stortinget ber regjeringa i framtidige budsjettforslag sørgje for at barnevernet i Oslo blir økonomisk likebehandla med barnevernet i resten av landet. Dette er heilt nødvendige grep for å sikre rettferdig finansiering, tryggleik og føreseielegheit for tenestene, dei tilsette, men først og fremst for barna.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat