Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 3. mar 2026

Siren Julianne Jensen
Siren Julianne Jensen
Miljøpartiet De Grønne·Finnmark

SakMøte tirsdag den 3. mars 2026 kl. 10

Innlegget

MDG vil starte med å takke forslagsstillarane for mange gode forslag, som vi også støtter opp om. Vi vil understreke at kampen mot sosiale forskjellar i Noreg er ei av vår tids mest avgjerande politiske oppgåver. Bak tala og statistikkane står barnefamiliar som kvar dag lever med konsekvensane av økonomisk utryggleik. For MDG er det avgjerande at vi tek grep som er sterke nok til faktisk å redusere forskjellane, og som treff dei barna som treng det mest. MDG meiner at barnetrygda er eit av våre viktigaste verktøy i kampen mot barnefattigdom. Vi meiner at den kan og bør brukast meir målretta for å løfte barna som har minst. Difor fremjar vi eit forslag om å kraftig auke og skattleggje barnetrygda, i tråd med anbefalingane frå ekspertgruppa om barn i fattige familiar. Ved å skattleggje barnetrygda får familiar med låge inntekter mest ut av auken, mens dei med høgare inntekt bidreg meir tilbake gjennom skattesystemet. På den måten sikrar vi både betre omfordeling og eit kraftigare løft for dei barna som treng det aller mest. Samtidig fremjar vi forslag om å heve dei rettleiande satsane for sosialhjelp, både generelt og for einslege forsørgjarar spesielt. Det handlar om at alle skal ha råd til heilt grunnleggjande, forsvarleg livsopphald. Å justere satsane opp mot SIFOs referansebudsjett er heilt nødvendig for å gje folk eit reelt sikkerheitsnett. Vi føreslår også auka grunnbemanning i barnehagar i levekårsutsette område, og ein gradvis auke av tilskotspotten til språkutvikling for minoritetsspråklege barn. Alle barn, uansett bakgrunn, fortener ein god start i livet, og barnehagen spelar ei heilt sentral rolle i å utjamne forskjellar. Vidare ønskjer vi ei sterkare forankring av barnets beste i sosialtenestelova. Barn skal ikkje vere synlege i avgjerder som direkte påverkar deira liv. Barnets behov bør vere tydelegare og sterkare ivareteke. Vi føreslår også forsøk med felles utbetalingsdato for ytingar frå Nav. For mange familiar med låge inntekter skaper dagens uoversiktlege og fragmenterte utbetalingsstruktur utryggleik og stress i kvardagen. Eit enklare system vil gjere det lettare å planleggje og få kvardagen til å gå opp. Til slutt vil eg trekkje fram forslaget om å utvida Husbankens startlånsordning for einslege forsørgjarar. Ein trygg busituasjon er heilt grunnleggjande for barn, og einslege foreldre står ofte i ein særleg sårbar økonomisk situasjon. Mindre ulikskap, sterkare fellesskap og ein politikk som prioriterer barna først er målsetjinga. Vi veit at sosial ulikskap er uunngåeleg. Det er eit resultat av politiske val, og difor må også løysinga vere politisk, modig og forpliktande. Eg tek opp forslaga frå MDG.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat