Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 3. mar 2026

Siren Julianne Jensen
Siren Julianne Jensen
Miljøpartiet De Grønne·Finnmark

SakMøte tirsdag den 3. mars 2026 kl. 10

Innlegget

Vi behandlar i dag stortingsmeldinga Tro på framtida – uansett bakgrunn, som er regjeringa si breie oppvekstmelding for perioden. Meldinga løftar viktige ambisjonar om sosial utjamning, tidleg innsats og tverrsektorielt samarbeid. Det blir understreka at alle barn uansett bakgrunn skal ha like moglegheiter til å utvikle seg, lære og leve eit godt liv. Det er ein ambisjon som MDG deler fullt ut. Regjeringa peikar sjølv på at auka forskjellar og polarisering utfordrar både demokratiet og barns framtidstru. Men for MDG er det ein føresetnad at når vi snakkar om like moglegheiter, må vi også sjå heile oppvekstmiljøet til barnet – naturen rundt dei, klimaet dei veks opp i, det digitale trykket som pregar kvardagen og dei strukturelle forskjellane som følgjer av økonomisk ulikskap og dei ulike rammene for kommunane. Oppvekstpolitikk må famne både kvardagsliv, helse, miljø og samfunnsutvikling. Meldinga trekkjer fram trygge nærmiljø, fritidsarenaer og fellesskap som viktige delar av ein god oppvekst. MDG er einig i det og vil understreke at tilgangen til natur og grøne område er eit grunnleggjande oppvekstvilkår. Det finst store geografiske forskjellar i barns tilgang til natur og trygge uteområde. For oss er det avgjerande at alle barn har nærmiljø som inviterer til leik, friluftsliv, trygg ferdsel og fellesskap. Dette er ein del av barns helse og trivsel. Ei oppvekstmelding må difor tydelegare ta inn at naturkvalitet og miljø er ein del av barns livssjansar. Vi veit at mange barn og unge opplever stress, einsemd og press. Likevel blir psykisk helse vigd for lite plass i meldinga. I omtaler frå fagmiljøa blir det peika på behov for både førebygging, tidleg innsats og eit sterkare lag rundt barna. MDG meiner at ei oppvekstmelding som skal bidra til like moglegheiter, må ha ein meir konkret og forpliktande plan for psykisk helse. Vi treng fleire helsesjukepleiarar, vi treng styrkte fritidsarenaer og møteplassar, lågterskel helsetenester i kommunane og betre samhandling mellom helsetenester, skole og barnevern. Dette er avgjerande strukturar for å førebyggje utanforskap og styrkje trivsel og livsmeistring. Meldinga heiter Tro på framtida. Det er eit fint bilde. Men barn si tru på framtida blir også forma av klimarisiko og miljøutviklinga dei ser rundt seg. Ekstremvêr, naturtap og klimafrykt er ein del av barns verkelegheit i dag. Meldinga frå regjeringa omtaler ikkje klima og miljø som ein del av oppvekstvilkåra. MDG meiner at dette er ei betydeleg svakheit. Å byggje framtidstru handlar også om å ta ansvar for den verda som barna skal bli vaksne i. Klima og natur må inn som eksplisitte vurderingar i oppvekstpolitikken. Regjeringa legg vekt på tidleg innsats og like moglegheiter gjennom heile utdanningsløpet, noko som blir understreka både i meldinga og i omtaler frå fagmiljøa om betydninga av heilskap og samarbeid. MDG støttar dette, men kvalitet krev ressursar. Det betyr gode barnehagar med nok tilsette og gode språk- og inkluderingsmiljø, ein skole med tid og støtte til lærarar og elevar, kulturskole som ein inkluderande arena og fritidstilbod som faktisk når barn i familiar med låg inntekt og avgrensa ressursar. Skole og barnehage må vere arenaer som kompenserer for ulikskap, ikkje forsterkar det. Både meldingar og høyringsinstansar legg stor vekt på samarbeidet mellom tenester og på at oppvekstpolitikken må vere tverrsektoriell. MDG er einig, men samarbeid føreset kapasitet. Det føreset at kommunar faktisk har råd til å gje barna eit heilskapleg tenestetilbod. MDG meiner at ein moderne oppvekstpolitikk må styrkje det økonomiske handlingsrommet i kommunane. Barns moglegheiter skal ikkje vere avhengige av kommuneøkonomien eller geografien. Tro på framtida – uansett bakgrunn er ei melding med gode verdiar og viktige analysar. Men for MDG er det avgjerande at oppvekstpolitikk også handlar om den større samanhengen barn veks opp i: natur, klima, lokalsamfunn, psykisk helse og fordeling. Barn har krav på gode barnehagar, trygge skolar og sterke fellesskap, men også på frisk natur, trygg framtid og tenester med tilstrekkeleg kapasitet. Skal barn tru på framtida, må politikken gje dei konkrete grunnar til det. Dette er retningar som MDG ønskjer å tydeleggjere i behandlinga av meldinga.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat