Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Ungdom er som alle andre folk – dei er forskjellige. Nokre blomstrar på skulebenken, mens andre får motivasjonen knust av eit skulesystem som rett og slett ikkje favoriserer kven dei er. Miljøpartiet Dei Grøne unner all norsk ungdom å få kjenne på ei oppleving av meistring, av å vere nyttig, av å bli sett, av å få anledning til å bruke dei ferdigheitene dei har til noko som er bra, både for dei sjølve og for andre. Difor fremjar vi i dag eit forslag om å be regjeringa greie ut eit frivillig arbeidsår for ungdom over 15 år. Det kan ikkje vere sånn at det einaste samfunnet har å tilby skuleungdom, er meir skule. Vi lever i ei tid der folk opplever at samfunnet renn over av viktige oppgåver som ingen tilsynelatande har tid til å løyse. Dei tilsette i velferda må løpe raskare og raskare, og fagfolk må bruke meir tid på andre ting enn på det samfunnet har utdanna dei til å gjere. Eg finn det merkeleg at Arbeidarpartiet gjerne vil straffe ungdom hardare når dei gjer kriminelle handlingar, men ikkje vil opne for å la dei jobbe noko meir enn det dei gjer i dag. Kva skal alternativet vere for dei som ramlar utanfor? Kva skal alternativet vere for dei som ikkje får brukt ferdigheitene sine og utvikla seg som heile menneske innanfor dei tronge rammene i skulesystemet vårt? Frå eit MDG-perspektiv er det avgjerande at vi frå politisk hald har alternativ å tilby. Kvar dag står ungdomsarbeidarar over heile landet opp og tenkjer på korleis dei skal hjelpe ungdom inn i meiningsfull aktivitet. Det triste er at uansett kor hardt dei jobbar, har dei ei umogleg oppgåve når det gjeld å konkurrere med raske pengar og høg status. Ungdom blir ikkje kriminelle fordi dei er brune i huda eller bur på Oslo aust. Det handlar om det materielle. Pengefattigdom er moglegheitsfattigdom. Det er sosiale fellesskap ein ikkje får delteke i fordi deltaking som regel kjem med ein økonomisk kostnad. Med det tek eg opp forslaga frå MDG i saka.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
