Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 3. mar 2026

Siren Julianne Jensen
Siren Julianne Jensen
Miljøpartiet De Grønne·Finnmark

SakMøte tirsdag den 3. mars 2026 kl. 10

Innlegget

Eg vil begynne med å takke representantane frå Senterpartiet og Høgre for at dei har løfta denne saken. Ein av dei viktigaste delane av velferdssamfunnet vårt er det sosiale sikkerheitsnettet vi har bygd opp over dei siste hundre åra. Vi liker iallfall å tru at dersom vi skulle vere uheldige og snuble, har vi eit system på plass som fangar oss opp og tek oss imot. Dessverre opplever altfor mange menneske i landet vårt at det sosiale sikkerheitsnettet har så store hòl at vi fell gjennom det uansett kva vi gjer. Nav-systemet av i dag fungerer ikkje godt nok når det gjeld å gje folk grunnleggjande tryggleik og inntektssikring. Det skjer først og fremst fordi logikken i systemet er bygd på ein grunnleggjande mistillit til kva intensjonar folk har. Med mistillit kjem det òg eit kontrollbehov, og det er nettopp kontrollbehovet som gjer at vi har enda med eit system med ekstremt mange ytingar, der alt handlar om å få plassert innbyggjarar i ein boks. Velferdsstaten blir av mange opplevd som ein uoversiktleg labyrint av papir og kontor, som har til formål å sørgje for at ein ikkje finn vegen ut. Vi trur ikkje at folk blir friskare eller flinkare av å vere fattige. Tvert imot: Viss vi som samfunn skal få det beste ut av folk, må dei ha overskot til å kunne tenkje lenger enn til neste inkassovarsel. Systemet av i dag gjer livet vanskelegare enn det må vere, for mange familiar i landet vårt. Det gjer inntrykk på meg, og eg håper at det gjer inntrykk på dykk andre òg. Vi kan bli betre. Det er det ingen grunn til at vi ikkje skal gjere for folk som står utan arbeid og økonomisk tryggleik mens dei er på veg inn i arbeidslivet eller ein annan meiningsfull aktivitet – utan komplisert byråkrati og moralske overdommarar som skal godkjenne kvar minste kvittering, berre medmenneskelegheit. Miljøpartiet Dei Grøne trur at det er mogleg å tenkje annleis om korleis vi sikrar livskvalitet og føreseielege økonomiske vilkår for folk som har det vanskeleg, eller av andre grunnar står utanfor arbeidslivet. Difor fremjar vi i dag eit forslag om å greie ut om ein grunninntekt kan erstatte ein eller fleire av velferdsytingane vi har i dag. Sånn kan vi gje folk ein meir føreseieleg økonomi og auka livskvalitet, og ikkje minst redusere unødvendig og menneskefiendtleg byråkrati. Eg tek med dette opp forslaga frå MDG.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat