Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 4. mar 2026

Frank Edvard Sve
Frank Edvard Sve
Fremskrittspartiet·Møre og Romsdal

SakMøte onsdag den 4. mars 2026 kl. 10

Innlegget

I Møre og Romsdal har vi prosjekt som ligg i siste seksårsperioden, f.eks. Voldatunnelen. Der har Vegvesenet gjeve klar melding om at dei ikkje har tenkt å lyfte ein finger eller bruke eit øre for å gå vidare med det prosjektet, for det ligg i siste seksårsperioden. Vi har Blindheim–Breivika, ein av dei mest ulykkesutsette vegstrekningane i Noreg, der ein har behov for regulering. To kommunar, Sula og Ålesund, ønskjer å regulere. Vegvesenet er klare. Dei ønskjer òg å forskotere. Det er ein av dei verste dødsvegane i Noreg. Samtidig ser vi ei regjering som ber om at Møreaksen del 1, i tunnel bak Molde, skal verte greidd ut og brukt pengar på – eit prosjekt som ikkje ligg inne i verken fyrste eller siste seksårsperiode i NTP. Så korleis i all verdas rike kan statsråden forklare korleis ein brukar pengar på prosjekt som ikkje ligg i NTP, mens når det gjeld prosjekt som ligg i NTP, seier Statens vegvesen at dei ikkje har tenkt å bruke ei krone?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Frank Edvard Sve (Fremskrittspartiet) — Replikk · 4. mar 2026 — OverStortinget