Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Eg forheld meg til NTP like mykje som statsråden tydelegvis gjer. Eg snakkar om to prosjekt som ikkje ligg inne i NTP – det er riktig. Men det eine prosjektet er innan eit område som statsråden har vore veldig opptatt av: å få ned antal hardt skadde og drepne i trafikken. På ein av dei verste vegstrekningane i Noreg når det gjeld antal dødsulykker og alvorleg skadde, altså E39 Solavågseidet–Blindheim–Moa, kan ein ikkje bruke planleggingsmidlar. Der kan ein ikkje forsere noko som er så viktig for å ta vare på trafikantane og hindre at folk mister livet i trafikken, men på eit prosjekt i Møreaksen del 1, forbi Molde, som ikkje ligg i NTP, sender regjeringa no ut melding om at dei skal bruke pengar. Eg vil at statsråden forklarar meg kvifor ein heile tida snakkar om at det er så viktig å få ned antal hardt skadde og drepne i trafikken, når han i praktisk politikk viser det stikk motsette.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
