Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Tusen takk for spørsmålet på eit veldig viktig tema. La meg starte med å understreke følgjande: Barn skal ikkje ha samvær med ein forelder dersom det ikkje er til barnets beste, og barn skal beskyttast mot seksuelle overgrep òg i saker om samvær. I den nye barnelova er det teke inn eit kapittel om barns rettar heilt innleiingsvis i lova og ei eiga føresegn om barns rett til beskyttelse mot vald. Det er òg presisert i lova at retten til samvær ikkje gjeld om samvær ikkje er til barnets beste. I proposisjonen er det òg streka under at risiko for vald og overgrep typisk vil vere situasjonar der det ikkje er til barnets beste med samvær. Vidare er det streka under at barnets rett til beskyttelse vil gå framføre samværsretten der det etter er ei konkret vurdering er ein risiko for at barnet kan bli utsett for vald, overgrep eller mangelfull omsorg. Dette er føringar som gjeld allereie i dag, og som no vil bli tydeleggjorde. Difor er det viktig for meg å vere veldig tydeleg på at det ikkje skal herske nokon tvil om korleis lova og barnas rettar skal forståast i dag. Regjeringa kjem til å følgje opp oppmodingsvedtaka som blei gjorde sist vår. Tiltak for å beskytte barn mot vald og overgrep er eit prioritert arbeid for regjeringa, og tiltaka i den nye barnelova må òg sjåast i samanheng med tiltaka som følgjer av opptrappingsplanen mot vald og overgrep. Eg kan love at me tek oppmodingsvedtaka som er gjorde i denne salen, på alvor, og at me fylgjer dei opp så raskt det lèt seg gjere innanfor dei rammene som gjeld for utgreiingsarbeidet og utgreiingsinstruksen.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
