Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 4. mar 2026

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakMøte onsdag den 4. mars 2026 kl. 10

Innlegget

Som nemnt arbeider eg med dette så raskt det lèt seg gjere innanfor den utgreiingsinstruksen som gjeld. Det er viktig å ha med seg òg kva som er dagens gjeldande regelverk. Eg starta dagen i dag med eit besøk på overgrepsmottaket i Oslo. Seksuelle overgrep og vald i nære relasjonar er ikkje berre eit samfunnsproblem – det er grov kriminalitet. Skal me som samfunn greie å beskytte barna betre mot dette, må me gjere mange ting på ein gong. Me må førebyggje betre, og me må auke kunnskapen for alle barn. Det er dessverre, slik representanten sa i spørsmålet sitt, mange barn i Noreg i dag som lever med seksuelle overgrep i sin eigen heim, kvar einaste dag, òg dei som bur med begge foreldra. Difor er dette ei prioritert oppgåve for regjeringa i breitt. Ei ny barnelov er kjempeviktig, og det er òg enormt viktig at me fortset både kunnskaps- og informasjonsarbeidet, slik at ein kan ta kontakt og få hjelp.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat