Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Noko av det som er uttalt oftast i denne salen dei siste åra, er orda meir kraft raskare. Det synest det å vere ganske brei einigheit om. Likevel: Er det éin ting som er viktig viss ein skal ha meir kraft raskare, er det føreseielege vilkår. Det forslaget om meir omfattande grunnrenteskattlegging er ikkje føreseielege vilkår. Det skapar usikkerheit, og det er heva over tvil at det allereie no, berre ved å ha det på høyring – sjølv om det openbert ikkje er fleirtal for det – har skapt usikkerheit, og det har skapt forseinkingar i viktige prosjekt. Dette handlar om uregulerbar vasskraft, det handlar om prosjekt med ganske stor risiko i utgangspunktet, og det er ikkje rart at både etablerte vasskraftverk og dei som går med planar om å realisere slik vasskraft, blir usikre når ein kjem med slike forslag som Arbeidarparti-regjeringa har kome med her. Det er ikkje ei form for sjølvskading berre for Arbeidarpartiet, sjølv om det sjølvsagt fører til at Arbeidarpartiet sitt omdøme i næringa blir ramma – det rammar heile norsk politikk, fordi vi står fram som at vi ikkje kan ha stabile rammevilkår for ei så viktig næring, samtidig som vi seier så tydeleg at vi treng meir kraft. Eg høyrer òg at Arbeidarpartiet her kommuniserer at dei tek inn over seg at det er eit anna fleirtal, og at dei legg dette til side og på den måten prøver å skape rom. Samtidig bruker ein ganske mykje av tida her framme til å argumentere for forslaget sitt likevel. Då held ein jo ved like den usikkerheita, på same måten som departementet heldt ho ved like unødvendig lenge ved ikkje berre å trekkje høyringa når ein såg at stortingsfleirtalet ville ein annan veg. Skal ein imøtekome tilpassingsproblematikken, er det langt meir effektivt å diskutere tiltak som botnfrådrag eller at ein gradvis trappar inn grunnrenteskatten over 10 MW. Det har sjølvsagt ein provenyeffekt og er krevjande å få til, men det er ikkje noko løft for norsk kraftproduksjon å skape usikkerheit kring den typen kraft som vi trass i alt realiserer ganske mykje av, og med ganske lite konfliktnivå. Berre to ord om sakshandsaminga i NVE: Forslag nr. 2 her er jo tydeleg på at det ikkje handlar om å prioritere ned andre konsesjonsbehandlingar, det handlar om å få ei raskare og meir effektiv konsesjonsbehandling. Eg stiller spørsmålet – og det gjer Senterpartiet òg: Kor mykje skal NVE konsesjonsbehandle, og kor detaljert skal det vere? Nyleg høyrde vi eit eksempel om ei lita flaumførebygging som hadde fått krav om konsesjonsbehandling. Då er det openbert at ein driv og konsesjonsbehandlar òg ting som kunne ha vore behandla på ein lettare måte i vårt byråkrati.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
